Vedtekter for Sogn og Fjordane Tannlegeforening

Endra siste gong 13. november 2015

§ 1 Formål

Sogn og Fjordane Tannlegeforening er lokalforeining for NTF i fylket. Foreininga skal representere NTF i fylket og arbeide for føremåla til NTF ved å ta vare på dei faglege, økonomiske og sosiale interessene til medlemene og fremje det kollegiale samhaldet. Lokalforeininga skal haldast orientert om den verksemda som går føre seg i det lokale UTV. Til hjelp for dette skal ein medlem av utvalet ha plass i lokalforeininga sitt styre. Ingen kan samtidig ha vervet som leiar av lokalforeininga og leiar av UTV. Lokalforeininga sitt styre skal ha medlemer både frå offentleg og privat sektor for å sikre best mogeleg balanse mellom særinteresser og tene fellesinteressa. For å oppnå desse føremåla, vert det halde medlemsmøte. Tid og stad for slike møter vert fastsett av styret.

§ 2 Medlemskap

Lokalforeininga består av dei ordinære medlemene i fylket med tillegg av studentmedlemer og passive medlemer i NTF som ynskjer å vere medlemer i foreininga.

Æresmedlem/korresponderande medlem/innbeden medlem: Slike medlemskap vert avgjorde av årsmøtet etter framlegg frå styret. Innvotering av æresmedlem/korresponderande medlem krev 2/3 fleirtal.

Assosiert medlem: Medlem av anna lokalforeining kan takast opp som assosiert medlem

§ 3 Kontingent

Kontingenten vert fastsett av årsmøtet for eitt år om gongen og vert betalt på forskot.

Foreiningsåret tek til 1. januar. Ved innmelding etter 1. juli betaler ein berre for eit halv år. Medlemer over 65 år og ikkje-praktiserande medlemer over 62 år er fritekne for kontingent. Æresmedlemer og korresponderande medlemer betaler ikkje kontingent.

For betaling av redusert kontingent gjeld NTF sine reglar og vedtak. Styret i lokalforeininga kan likevel i særlege høve gjere vedtak om ytterlegare redusert kontingent eller fritak for å betale kontingent.

Medlem som skuldar kontingent for meir enn 2 år kan strykast som medlem. Dette skal i tilfelle gjerast av hovudstyret, og då etter forslag frå styret i lokalforeininga.

§ 4 Leiing

Foreininga vert leia av eit styre på 5 medlemer.

Av desse skal 4 veljast på årsmøtet. Den femte medlemen skal vere vald av det lokale UTV,- valet kan skje på Den offentlege tannhelsetenesta sitt etatsmøte, på særskilt møte for offentleg tilsette eller på møte i lokalforeininga. På dette møtet skal det og veljast vararepresentant for UTV. Årsmøtet skal og velje 2 varamedlem til styret. Den av offentleg eller privat sektor som har færrast representantar i styret skal ha første vararepresentant.

Styret er vedtaksført når minst 3 av medlemene er tilstades.

Lokalforeininga har elles følgjande faste nemnder og tillitsvalde: Revisor, klagenemnd, valkomité og representantar til NTF sitt representantskapsmøte.

§ 5 Val

Alle val skal gjerast skriftlig. Er det berre gjort framlegg om ein kandidat kan valet gjerast med akklamasjon. Alle attval kan gjerast med akklamasjon. Leiaren vert vald med 2/3 fleirtal. Ellers vert alle val avgjorde med vanlig stemmefleirtal. Dersom det ved val av leiar ikkje vert oppnådd 2/3 fleirtal skal det gjerast omval mellom dei to som hadde flest stemmer. Det er då nok med vanleg stemmefleirtal. Nestleiaren skal veljast særskilt.
Delegatar til NTF sitt representantskap vert valde på medlemsmøte på hausten dei åra det er representantskap. Representantskapssakene skal drøftast på dette medlemsmøtet.

§ 6 Styret sine oppgåver

Styret skal leie verksemda i lokalforeininga, det skal ta hand om foreininga sin økonomi og sjå til at NTF og lokalforeininga sine regelverk vert overhaldne. Vidare har styret ansvar for å organisere sosialt samvær slik at det kollegiale samhaldet blir best mogleg.

Leiaren skal tillyse og leie styre- og medlemsmøter, og representerer lokalforeininga utad. Nestleiaren tek over etter leiaren når denne er borte og når det elles måtte vere praktisk.

Sekretæren fører styreprotokollen og fører elles foreininga sin korrespondanse i samråd med leiaren. Sekretæren skal utarbeide framlegg til årsmelding. Kasseraren skal krevje inn kontingent og andre fordringar og betale alle rekningar. Kasseraren fører rekneskapen, og syter for at revidert rekneskap vert lagd fram for årsmøtet.

Styret er ansvarleg for informasjonsverksemda.

§ 7 Årsmøtet

Årsmøtet vert halde på våren etter at rekneskap og budsjett er lagt fram av styret.
Medlemene vert kalle inn skriftlig. Innkalling med saksliste og valmemnda si innstilling, skal være i medlemene i hende minst 14 dagar før møtet. Kvart eit lovleg innkalle årsmøte er vedtaksført. For vedtak vert kravd vanleg fleirtal. Ved vedtektssendringer vert det kravd 2/3 fleirtal. Årsmøtet vert leia av leiaren eller møteleiaren vald av årsmøtet.
Årsmøtet handsamar:

1. Årsmeldinga frå styret
2. Rekneskapen
3. Val av styre med varamedlemer, klagenemnd, valnemnd, revisor og setterevisor
4. Fastsetjing av kontingent
5. Innkomne saker. Saker som medlemene ynskjer å ta opp må vere mottekne i styret seinest 4 veker før årsmøtet.
6. Andre saker. Årsmøtet kan handsame saker som ikkje står på sakslista. Vedtak om at slike saker skal handsamast og avgjerdsle i saka krev 2/3 fleirtal.


§ 8 Omframt årsmøte

Medlemene skal kallast inn til omframt årsmøte når minst halvparten av styret eller 1/5 av medlemene krev det. Innkallinga skjer etter same reglar som for vanleg årsmøte.

Eit omframt årsmøte kan berre handsame dei sakene som står på sakslista

§ 9 Vedtektsendringar

Endring av vedtektene krev 2/3 fleirtal. Endringane gjeld frå den dato vedtaket vert gjort.

§ 10 Kollegiale reglar

Dei etiske reglar for tannlegar som gjeld for NTF til kvar tid, gjeld og for Sogn og Fjordane tannlegeforening.

§ 11 Oppløysing

Oppløysing av foreininga må i tilfelle skje i ordinært årsmøte og med 4/5 fleirtal. Det årsmøtet som vedtek oppløysing, skal og avgjere korleis eventuelle midlar skal disponerast.

 

< Startsida