TIL NYE MEDLEM I LOKALFOREININGA  
   

Sogn og Fjordane tannlegeforening vil med dette ynskje deg velkomen som medlem i foreininga og som kollega i fylket. Vi er ei etter måten lita foreining med drygt 80 aktive medlem der fordelinga mellom yrkesgruppene privatpraktiserande og offentleg tilsette er omtrent lik. Kvart nytt medlem er derfor viktig for oss og for fylket med folka som bur her. Vi vonar du finn deg til rette enten arbeidsplassen ligg i Nordfjord, Sunnfjord eller Sogn.

Hovudoppgåva til lokalforeininga har vært å arrangere kurs, ved sida av å representere NTF lokalt. Det har blitt ein tradisjon at det kvart år vert halde minst to større kurs ,- eit om våren og eit om hausten. Desse kursa skal femne om heile tannhelseteamet og er kjærkomne høve til å treffe kollegaer frå andre delar av fylket, og også eit høve til å treffe kollegaer frå begge yrkesgruppene på same staden. Vi vil gjerne at også du finn vegen til desse arrangementa for fagleg utvikling og kollegialt samvær, vi sender deg i alle høve invitasjon. Loenmøtet er eit samarbeidsprosjekt mellom Sogn og Fjordane og Sunnmøre tannlegeforening og vert kvart år arrangert i slutten av mai på Alexandra hotell i Loen.

Vi har ein enkel nettstad der relevant informasjon om foreininga er tilgjengeleg,- du finn oss på adressa www.sfjtf.org Lokalforeininga sine vedtekter finn du ved å følgje link på startsida vår. Lokalforeininga sine tillitsvalde vil i den grad det er mogeleg kunne stå til rådvelde med ytterlegare hjelp dersom det er behov for det.
Dei offentleg tilsette tannlegane har òg sitt eige tillitsutval, UTV, som skal ivareta deira interesser i høve til arbeidsgjevar. Meir om UTV finn du ved å velge linken UTV på startsida.

Sogn og Fjordane Tannlegeforening ser fram til eit langt og konstruktivt samarbeid i tida som kjem.

 

<- Startsida