NTF's KOLLEGAHJELPSORDNING
 
Bakgrunn

NTF har oppretta ei kollegahjelpsordning for å gje støtte og råd til kolleger som har behov for det. Kvar lokalforeining har inntil tre personar knytt til ordninga.

I Sogn & Fjordane er desse med: Jon Reidar Eikås Inge Fridell og Synnøve Leikanger.

Mål
Kollegahjelparen sitt arbeid skal ta sikte på å hjelpe kolleger som har eit problem.

Strategi
Dei skal arbeide for å unngå fagleg isolasjon og utstøting, og for å hente fram og forsterke eksisterande positive ressursar. Hjelpa kan kanskje bidra til å ordne opp i ein livsfloke.

Det er fullt høve til å kontakte kollegahjelparar på tvers av fylkesgrensene.

Ressursar
NTF si kollegahjelpsordning er basert på frivillig deltaking. For å ha kontinuitet i ordninga, bør ein difor veljast for minimum 3 år om gongen, og hjelparane bør ikkje ha andre tunge tillitsverv.

Arbeidsområde.
Kollegahjelparane kan gje støtte og råd ved:

  • sjukdom
  • misbruk av alkohol/narkotika
  • arbeidsproblemer
  • utbrenthet
  • personlege kriser
  • pasientklager
  • negativ medieomtale
  • eventuelt andre problem.

Retningslinjer
Dei som deltek i ordninga har visse retningslinjer å halde seg til. Full anonymitet er naudsynt, og ingenting skal journalførast. Det skal finnast tungtvegande grunnar for at kollegahjelparen tek kontakt på eige initiativ. Han bør ha blitt kontakta av ein person som er villig til å stå fram med fullt namn når dette gjeld ein tredjeperson.

Det finns endå fleire slike retningslinjer som det ikkje vert gjort rede for her, men hensikten er at ingen skal føle seg uthengd for andre av ein kollegahjelper.

Målet er som sagt å hjelpe og å vere tilgjengeleg.
 

< Startsida