OM SKIPINGA AV SOGN OG FJORDANE TANNLEGEFORENING.
 
Frå den 13. januar 1935 hadde tannlegane i Sogn og Fjordane høve til å vera medlemar i Bergen Tannlegeforening. Bergen hadde på dette området, som på så mange andre, utmerka seg ved å leggje under seg Sogn og Fjordane. I 1940 var det 16 tannleger i fylket, 20 år seinare var talet 29, og av desse var 25 privatpraktiserande som òg jobba i skuletannrøkta. Folketannrøkta vart innførd i Sogn og Fjordane i 1959, og i den samanheng vart det ein radikal endring i talet på tannlegar. I løpet av 10 år steig talet til det dobbelte. Bergen Tannlegeforening arrangerte medlems-møta i Bergen med sporadiske utflukter til Hardanger og Sogn. Organisasjonsmessig var distrikta Hordaland og Sogn og Fjordane representert ved utanbys styremedlem som veksla over tid mellom fylka.

Tannlegane i Sogn og Fjordane hadde på sett og vis liten kontakt med kvarandre. Dei møttest gjerne i størst tal på Vestlandsmøta i Bergen – og "for oss i utmarka var dette som eit minilandsmøte -". Men etter kvart syntest mange at Bergen som møtestad var litt for langt unna, samstundes som trongen for kollegial kontakt innan fylket auka. Og oppstarten til Sogn og Fjordane Tannlegeforening kan vi spore tilbake til fylkestannlege Reidar Tveit. I byrjinga av 60-åra fekk han i stand møter for distriktstannlegane. Under eit møte på Skei i pinsa 1966 la Tveit fram forslag om at tannlegane i Sogn og Fjordane burde finne fram til ein form for organisasjon på fylkesbasis. Talet på tannlegar i fylket hadde passert 50, så grunnlaget skulle vera på plass. Særleg for dei mange unge tannlegane var det eit sakn at det ikkje fans nokon eigen organisasjon i fylket der dei kunne få kontakt med kollegaene sine. Forslaget fekk spontan tilslutnad, og ei nemnd vart valt til å arbeide med saka og ha eit utkast ferdig til neste møte. I mai 1967 var det tannlegemøte på Hotel Alexandra i Loen. Og 27 av tannlegane i Sogn og Fjordane, både privatpraktiserande og offentlege, var møtt fram til fag og fest. Frå protokollen kan lesast at nemnda var komen til at alternativet Tannlegeklubb under BTF var den organisasjonsform som ville få best tilslutnad blant kollegaene i fylket, og nemnda hadde utarbeidd eit forslag til vedtekter for klubben og lagt dette fram for styret i BTF som stilte seg positive. Forslaget vart returnert til nemnda med nokre tilføyingar for betre å markere at Sogn og Fjordane Tannlegeklubb var ei skiping innanfor BTF og underordna denne. Saka hadde også vore lagd fram for sekretariatet i Den Norske Tannlegeforening som godkjende den. Dermed var Sogn og Fjordane Tannlegeklubb stifta, ein organisasjon som skulle arbeide for faglege interesser og for å fremje den kollegiale kontakten mellom tannlegane i Sogn og Fjordane.

Etter at klubben var etablert fikk tannlegane i fylket eigne aktivitetar med fast møteverksemd; av praktiske årsaker i form av eit vårmøte og eit haustmøte. Fylkestannlegen skaffa faglege foredragshaldarar og betalte desse. Møtestadene gjekk på omgang og møteprosenten var oftast 50 % av alle kolleger i fylket. Styret var samansett av privatpraktiserande og offentlege i passe blanding og klubben la stor vekt på at ingen av kategoriane skulle dominera den andre.

I 1973 hadde klubben fungert bra, og kanskje så lenge at tida syntest moden for å starte ein eigen lokalforeining for Sogn og Fjordane. Det var mange formalitetar som skulle ordnast, og formalitetar tek som kjent tid. Det blei laga vedtekter, det skulle ordnast opp med BTF, og Sogn og Fjordane Tannlegeklubb gjekk inn i sitt siste år. Den 5. oktober 1974 på haustmøtet på Nordfjord Hotell på Nordfjordeid blei vedtekter for Sogn og Fjordane Tannlegeforening opplest og vedtekne, og foreininga sitt første styre blei valt. Datoen for stiftinga av lokalforeininga er 14. oktober 1974, då vart det heile godkjend av Den Norske Tannlegeforenings representantskap. I det fyrste styret sat Øyvind Galaasen, Ove Hagerup Larsen, Sverre Senneset, Geir Huus, Finn Rognerud og Odd Øverøyen.

 

< Startsida