OBLIGATORISK ETTERUTDANNING  
 

NTF har vedteke eigne retningslinjer for tannlegane si etterutdanning (Representantskapen 2011). Yrkesaktive medlemar av NTF skal gjennomføre 150 timar etterutdanning i løpet av 5 år (teljande frå 2010).

100 av dei 150 timane skal vere i regi av NTF eller eksterne kurs førehandsgodkjende av godkjenningsutvalet i NTF.

50 av timane er etterutdanning definert som eigenaktivitet, for eksempel kurs i utlandet, lesing av faglitteratur, tillitsvaldarbeid og liknande.

NTF sentralt har oppretta eit registreringssystem på foreininga sin nettstad. Her vil medlemar kunne følgje med på tal timar gjennomført utdanning innafor bestemte fagområde og i tillegg registrer kurs som ikkje automatisk går inn i systemet.
 

REGISTRERING AV KURSTIMAR

Kurs i regi av NTF, og enkelte lokalforeiningar, vert automatisk registrert på medlemane sin kursprofil. Ei oversikt over den registrerte kursaktiviteten din kan du finne på Min side på heimesida til NTF. Slik gjer du det:

  1. Opne heimesida til NTF på adressa www.tannlegeforeningen.no
     
  2. Logg inn på Min side med fødselsnummer og passord
     
  3. Når du er logga inn vel du Min kursprofil. Her kan du sjå og enkelt skrive ut ein samla oversikt over kursaktivitetane dine.


     
  4. Kurs som ikkje blir registrert automatisk i Min kursprofil skal leggjast til manuelt av kvar einskild medlem. Vel Etterutdanningstimer 100-timers kvoten og finn deretter fram til det kurset i lista som du ynskjer å legge til. Klikk deretter på Registrer (framfor kursangjevinga) og stadfest deretter valet ditt med Registrer kurset. Du vil då få ei stadfesting på skjermen om at kurset er registrert, og du finn no kurset i Min kursprofil.



    Tips! Lista Etterutdanningstimer 100-timers kvoten kan enkelt sorterast ved å klikke på dei ulike overskriftene i lista, på denne måten er det lettare å søke seg fram til korrekt kurs.

    Kurs som er sendt inn til NTF av kursarrangør, og som er godkjend for teljande timar, vil ein kunne finne att i denne lista. Vi anbefaler å registrere kurstimar så snart dei er gjennomført slik at dei ikkje vert gløymd.

Kurs i utlandet og andre kurs som ikkje finnast i lista må registrerast separat. Denne etterutdanninga skal registrerast under eigenaktivitet som vil inngå i Etterutdanningstimer 50-timers kvoten. I nedtrekksmenyen under 50-timers kvoten vil ein finne førehandsdefinerte aktivitetar som ein sjølv må registrere. NTF treng ingen dokumentasjon tilsendt, ordninga er basert på tillit.

  1. Vel Etterutdanning 50-timers kvoten og vel så type etterutdanning og eigenaktivitet. Legg inn dato og timar.

 

< Startsida